Velgernes egen sone. Her skriver du hva du er opptatt av! Opprett en kampsak – et eksempel / Valgmagasin BA.no
I 2003 stod eg for fyrste gong som 1ste kandidat på ei valliste i Voss kommune, dengong for Raud Valallianse. Som ein litt idealistisk og tildels naiv ung mann var eg særs oppteken av å gjera ein forskjell i kommunen. Eg var overtydd om at dersom eg berre kom med gode nok argument og hadde gode forskingsrapportar i ryggen var det mogeleg å snu fleirtalet i kommunestyret i saker som eg oppfatta som viktige. Ofte oppdaga eg at personar frå andre parti kom bort til meg i pausar før avrøysting og fortalte at dei var heilt einige med meg, men diverre oppdaga eg ganske så snøgt at partipisken i dei «store» partia gjorde at framlegga mine berre stod at med 1 røyst under avrøystingane. For å få med seg dei «store» partia i framlegga sine oppdaga eg at ein må fremja framlegga sine med ein så rund ordlyd at framlegga blir så utvatna at essensen og dei endrande aspekta i framlegga til ein stor grad er borte. -Og for ein Raudt politikarar er det å leggja frå seg den politikken ein er vald inn for eit løftebrot, difor vart eg ofte ståande åleine i avrøystingar dei 4 fyrste åra.
I 2007 dobla me kommunestyregruppa vår, og eg fekk tidleg telefonar frå andre parti som ynskte å samarbeida med oss valteknisk. Om eg lovte å røysta for at X og Y fekk plass i formannskapet skulle eg få ein plass anten i levekår eller miljø og kultur. Dette syntes eg var svært positivt, og tenkte at no er det kanskje endringar på veg. Men eit par timar før avrøystingane skulle finna stad fekk høyra at personar frå dei to store partia (ap og sp) ikkje ynskte å ha med nokon frå Raudt i noko utval, men dei rekna likevel med at eg ville røysta for å få inn dei såkalla raud/grøne partia. -Dette gjorde eg ikkje, og ved sjølve ordførarvalet røysta begge Raudt sine representantar blankt.
Men det å sitja i kommunestyret for ein radikal sjel er også til tider svært morosamt. Som då eg under budsjettdebatten i 2009 baserte framlegga og argumentasjonen min på valprogramma frå Ap og Sp, og etterpå fekk verbal juling av personar frå dei respektive partia då dei meinte at framlegga mine var urealistiske.
I år er det nytt kommuneval med nye friske Raudt kandidatar som er klare til å ta fatt på kampen for ein meir rettvis fordeling av godar i Voss kommune. Ein røyst til Raudt er garanti mot kamelsvelging!