Resultater Stortingsvalg, Hordaland: 1989 / 1993 / 1997 / 2001 / 2005 / Opprett en kampsak – et eksempel / Valgmagasin BA.no
Fyrst må eg få framheva at eg har stor sympati med heimesitjarane!
Det er stadig fleire som seier at uansett kva ein røyster, ser ein minimale endringar. Eg trur at dei som påstår dette har mykje rett. Diverre er ikkje media så flinke til å opplyse folk om at det finst alternativ til det etablerte systemet, og når dei trekk fram alternative retningar er det mest fokus på kva som skjedde for over 30 år sidan. Dei vala me har i dag, slik eg ser det, står mellom å røysta på eit av partia som alt sit på stortinget, sitja heime, eller å røysta på eit parti som ynskjer endring.
I Noreg har me politikere frå det ytterste høgre til SV på venstresida som alle påstår at dei står for noko unikt, radikalt og mykje betre enn andre. Men er dette sant? – Absolutt ikkje, er min påstand. Om partiet heiter FrP eller SV vil framleis kapitalismen ligge i botten og bestemma den praktiske politikken til partia med ein gong dei kjem i possisjon. Systemet me har legg store føringar for kva som er mogeleg å gjennomføra.
Raudt meiner at det er kapitalismen, og ikkje menneskets natur, som er hindringa for å skape eit rettferdig og solidarisk samfunn. Raudt er imot marknadsliberalistanes tru på fri konkurranse som grunnlag for samfunnsutviklinga. Me kan ikkje forsvara eit system som har som mål å skape vinnarar og taparar av folk.
Raudt har sagt at dei vil støtta ein ny Raud/Grøn regjering, ikkje fordi me tykkjer denne er så bra, men fordi alternativet er endå verre. Torstein Dahle, Raudt sin fyrstekandidat i Hordaland, vil vera ein markert røyst for Hordaland og distrikta. Og ikkje minst vil han gjera alt han kan for å pressa regjeringa til å føra ein meir rettvis politikk. Å røysta Torstein Dahle inn på stortinget vil vera ein røyst for forandring!
Kommentarer
Det er nok rødt no.Det blir ikkje grønare heller..Å røyste inn nokon som berre går-eller flyr,gagner ikkje folket.Men heimesitjarer er vel dei ferraste i år.Med over 700000 førehåndsstemmer ser det bra ut.Mange eldre har røyst seg frå sofaen-og førehåndsstemt…Så blir spenninga natt til tysdagen--kor mange,kven og kva rettning.God Valg.
Godt valg til deg også :)
Jeg er delvis enig med Bjarte. Det ville være en stor fordel for demokratiet og få både Dahle og Folkvord inn på tinget. Ikke fordi jeg er så enig med Rødt, men fordi de ville vært gode “vaktbikkjer” og fått medvirkning til å sette dagsorden. Ellers så kan en si at rødt står for det motsatte av demokrati, i og med at de fremdeles går inn for revolusjon. Revolusjon kan kun være et alternativ om f.eks. landet ble styrt av en diktator. Så lenge vi har det så godt som vi har det her i landet er det ingen grunn til å forandre på så mye.
Jeg er også enig i dine betraktninger om hjemmesittere. Den eneste faren jeg ser er: Skulle FRP få gjennomslag for sitt program så ville vi nok vært nær en revolusjon, men her har vi arbeidsorganisasjoner som ikke vil godta for mye før det blir en liten “revolusjon” eller generalstreik som vel vil fungere like godt.
Stem rødgrønt.
Godt Valg
Hei, og takk for kommentar Nils-Otto!
Raudt er heilt einig i dine betraktningar i høve revolusjonsspørsmålet, det er eit “ikkje tema” slik situasjonen er i dag. Men me tillet oss å ha mål for eit samfunn som me meiner er betre enn det me har i dag :)
Godt valg til deg òg :)