Resultater Stortingsvalg, Hordaland: 1989 / 1993 / 1997 / 2001 / 2005 / Opprett en kampsaket eksempel / Valgmagasin BA.no

Pelsdyr med åpne kjøttsår og avrevne bein

Nyleg vart 45 pelsdyrfarmar meldt til politiet av ei dyrevernsgruppe. Aktivistane tok seg i sommar ulovleg inn på 45 pelsdyrfarmar over heile landet. Om dette er riktig måte å gjera det på skal eg ikkje grunne så mykje på, men det er heilt klart at når resultatet var at dei fann skadde dyr på samtlege farmar ser ein at kontrollen til mydigheitene iallefall er for dårlege. Dyrevernarane dokumenterte funna sine med omlag 7000 bilete.

Denne saka er ikkje særleg overaskande for dei som har fulgt litt med på kva denne “næringa” har drive med tidlegare. Det som kanskje er meir overaskande er alle dei politiske partia som plutseleg yttrar seg i negative ordelag mot pelsdyrnæringa. Ingen av dei partia som i det siste har yttra seg har programfesta noko avvikling av statsstøtta til pelsdyrfarmarane.

Ein nyfrelst Raudt velgjar kom nyleg bort til val-standen vår på Voss og kunne fortelje oss at han hadde gått igjennom programma til alle dei 8 stortingspartia, samt programmet til Raudt, og hadde funne ut at Raudt var det einaste partiet som hadde programfesta å avvikla statsstøtta til pelsdyrfarmarane.