Velgernes egen sone. Her skriver du hva du er opptatt av! Opprett en kampsaket eksempel / Valgmagasin BA.no

Strålande utsikter, folkens!

Eg har dei siste dagane lese litt igjennom dei ulike val-fleska frå partia, og har konkludert med at me går gode tider i møte.

  • FrP ynskjer å gje 10 milliarder ekstra til kommunane, samt 7,5 milliarder ekstra i 2010
  • AP vil styrka kommuneøkonomien, og gjera systemet så effektivt at private løysingar vert overflødige
  • SV vil gje eit varig løft for velferdstenester og kommuneøkonomi
  • Og sist men ikkje minst, Senterpartiet fasslåt kort og godt at dei er kommunanes beste venn!

I førre kommunestyremøte, kom eg i skade for å nemna desse punkta. Du kan lesa meir i avisa Hordaland om dette.

Men dersom du ikkje deler min optimisme, kan du heller velja å røysta på Raudt. Raudt sitt program om kommuneøkonomi finn du her.

Vist 154 ganger. Følges av 1 person.
Annonse