Velgernes egen sone. Her skriver du hva du er opptatt av! Opprett en kampsak – et eksempel / Valgmagasin BA.no
Den norske velferdsstaten er eit resultat av mange tiårs kamp for å sette fellesskapsinteressene i samfunnet framfor enkeltinteressene.
Vi har oppnådd eit system der ein nærmar seg like rettar til sentrale samfunnsgode som helse, utdanning og sosiale ytingar. Mykje av rosa for dette skal arbeidarpartiet ha, for den innsatsen dei gjorde i etterkrigsåra.
Diverre har det tidlegare sosialistisk influerte partiet gått vekk ifrå mange av sine tidlegare ideal, og vorte ein pådrivar i kampen for «modernisering » av velferdstaten. Denne såkalla moderniseringa tek ikkje teknologien eller behov som utgangspunkt, men økonomi. Som resultat har vi mellom anna fått ein helsereform som styrer helsa vår utifrå kva som lønar seg utifrå bedriftsøkonomiske prinsipp.
Eg vil påstå at eit samfunn som moderniserer utifrå økonomiske og ikkje behov og vitskaplege årsaker, ikkje under nokon omstende vil vera i stand til å skape eit samfunn i økologisk balanse. Økonomien må vera under folkets kontroll dersom ein ynskjer likskap utover retten til å vera konsument. Raudt på Stortinget vil pressa regjeringa til å føra ein meir rettvis og økologisk forsvarleg politikk.
Menneska er ikkje på denne jorda for å vera konsumentar, røyst Raudt!