Velgernes egen sone. Her skriver du hva du er opptatt av! Opprett en kampsak – et eksempel / Valgmagasin BA.no
Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på bergen360 (tirsdag 1. september 2009). Les mer om roperten…
Korleis kan intelligente politikarar og journalistar akseptere at asylpolitikk blir debattert på ein så uintelligent måte som det tilfellet er i dag? Uintelligent fordi den einaste problemstillinga som blir debattert er om talet på asylsøkarar går opp eller ned frå månad til månad, heilt uavhengig av andre faktorar. Går talet ned er det bevis på at politikken er god, om talet går opp er det teikn på at politikken er dårleg. Om det kjem færre asylsøkarar til Noreg enn til Sverige og Danmark er politikken god, om det kjem fleire er politikken dårleg.
Resultatet av den einspora asyldebatten har blitt ein politisk konkurranse der målet for dei fleste partia er å framstå som det strengaste. Det har blitt legitimt å massemistenke asylsøkarar for å vere kjeltringar, og ingen reagerar lenger på politikarar som vil ofre samfunnets grunnleggjande verdiar for å hindre at asylsøkarane kjem til Noreg. Det er eit faresignal at sjølv Jonas Gahr Støre i debatt på NRK 19.august nølte med å svare programleiaren om han støtta Frps framlegg om å opprette lukka asylmottak eller ikkje. Eg hadde forventa at vår kloke utanriksminister ville slått knyttneven i bordet og fortalt programleiar, motdebattantar og tilhøyrarar at liberale demokrati som det norske ikkje fengslar menneske som ikkje har gjort noko kriminelt, for det er det lukka asylmottak er. Framlegget går ut på å nekte asylsøkarar fridom til å bevege seg rundt i samfunnet i tilfelle dei ein gong kjem til å gjere noko kriminelt. Dette er politikk ein forventar frå diktatur som Nord-Korea, Kviterussland og Saudi-Arabia, men kven bryr seg om det?
Kommentarer
Det er tillatt å tenke selv, ikke bare å følge etter bjellesauen Mads
Å være bjlelsau ser ut til å være det samme som å være uenig med Svein K